Startpage





download musicfile

Barndoms grøne land
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



Eg veit ein skog som susar
og ropar heim til seg
når fuglesongen brusar
og bekken brøyter veg.
Du høge gran med skjegg,
du strake furulegg,
du blyge bjørk, du reine,
du strie, kvasse eine
i barndoms grøne land:
Her er mi hand!

Eg veit ei elv som agar
så rik og tung ei jord.
Ho tèl oss våre dagar
frå Kjølen ut i fjord.
Du blåe skredelaup,
du glup og store staup
med gufs frå redsle-netter
og farleg isflod-vetter!
I barndoms angest-lund
eg står ei stund.

Eg veit eit fjell som blånar
ved grenseskog i aust,
der snøen ikkje brånar
før sommar kviskrar haust.
Du himmelfarga rygg,
du er så sterk og trygg!
Du stein og sva med mose,
kor ille du har frose!
I barndoms ljose tid
du står så blid!

Eg veit eit folk som pløyer
den gode, djupe jord,
som fjelgar og som frøyer
og ber fram mat på bord.
Du vide åkerland,
du trugne arbeidshand!
Kor godt de saman høver
i lyst og livsens prøver.
Du barndoms grøne land:
Her er mi hand!



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.